Ordskifte - Ordbøker og årets ord
Denne veka får me besøk av redaktør for nynorsk- og bokmålsordboka, Margunn Rauset. Ho fortel om revideringsprosessen og korleis arbeidet føregår. I tillegg tek me ein nærare kikk på dei ti orda som kom med på Språkrådet si liste over årets ord. I studio: Maria Gunnarsdotter Svedal, Ingrid Årdal og Ole Raade. Ordskifte er programmet for deg som har ei meining om kva som er rett og kva som er gale å sei. Vi tek for oss språklege finurlegheiter og grunnen til at du snakkar akkurat slik du gjer. Viss du føler det du treng i radiouniverset ditt er eit språkprogram med eit friskt pust, er Ordskifte programmet for deg.