6. Vekas Utvalde med Else Jenny Staalnacke

Kvar onsdag frametter våren og forsommaren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I denne sendinga er Else Jenny Staalnacke (36) gjest. Dottera av Odd og Henny, og søster til Simen Staalnacke, har også valt eit kreativt spor. Høyr meir om den engasjerte kvinna som flytta tilbake til heimbygda for to år sidan.

Om Podcasten

I denne podcasten kan du høyre sendingane til Radio Stryn-programmet "Sport und Spaß. I tillegg finn du tidlegare sendingar av "Vekas utvalde" og litt anna snacks. Radio Stryn høyrer du også direkte på FM-bandet 104-108 eller som nettradio: fjordingen.no/radiostryn