Unn Vibeke Hol om dialekt, dubbing og eit liv i teateret

I nesten eit halvt hundreår har Unn Vibeke Hol vore skodespelar på Det Norske Teatret. Sidan teaterdebuten som Tussie i framsyninga Ole Brumm har ho gjort eit utal roller. Stemma hennar har du garantert høyrt. Kanskje du har møtt henne på skogtur med hunden, medan ho puggar replikkar. Eller på film, som Disney-prinsesse, Teletubbie, Snorkfrøken, tårnfalk eller Meryl Streep. Ho har gjort det meste. Og sjølv om Unn Vibeke no er blitt pensjonist, tenkjer ho framleis at dei beste rollene ligg framfor henne. Høyr om dette, og mykje meir, i denne episoden av Språkoppdraget.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.