Ungdomspolitikarane Ina Brendø og Dina Bovim er gjester i pludrepodcasten

Er det nokon skilnad på julemarsipan og påskemarsipan? Og er det eigentleg nokon skilnad på Ina og Dina, om ein ser bort ifrå den eine bokstaven? Det får du svar på i vekas podcast, der ungdomspolitikarane Ina Martine Brendø og Dina Bovim er gjester. Dei fortel dårlege vitsar. Dei fortel om kor vanskeleg det er å lære ungdomspolitikarar frå Måløy om forholdstal. Dei fortel kor vanskeleg det er å ta båten til Måløy. Og kven er eigentleg deira politiske forbilde? Ta ein lytt på vekas podcast og bli betre kjend med to av byens mest sentrale ungdomspolitikarar.

Om Podcasten

Firdaposten sin offisielle podcastside!