Trening av røykebein

Pasienter med perifer arteriesjukdom – eller røykebein om du vil – har god effekt av noko så enkelt som gangtrening! Strukturert, enkel trening av denne typen kan auke gangdistansen og minke smertene i beina. Høyr kva vår ekspert Elisabeth Bø har av råd om dette. Ho er tilsett i Nasjonal kompetansetjeneste trening som medisin. Lenke til nettsiden deira for meir informasjon:https://stolav.no/fag-og-forskning/kompetansetjenester-og-sentre/nasjonal-kompetansetjeneste-trening-som-medisin Du finn dei òg på Facebook. Gruppa heiter Trening som medisin. Meir om røykebein? Finn frem episode 4. Vi har òg snakka om trening og blodårer i episode 6.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Karpodden er podcasten for deg som har fått ein kar-relatert diagnose, for deg som er pårørande, og for deg som skal bli eller er helsearbeider. Vi tar for oss diagnoser, behandling, og korleis livet med ein karsjukdom kan vere.Podcasten er produsert av dei flinkaste fagfolka Helse Bergen HF innanfor karkirurgi og -sjukdom. Det meiner vi i alle fall sjølv.Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, fagansvarlig er avdelingssjef og overlege i karkirurgi Espen Tyse Gubberud. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.