Gunnhild Øyehaug: «Vonde blomar»

Utdrag frå lydboka «Vonde blomar» av Gunnhild Øyehaug, lese av Silje Breivik. Om boka: Umogelege metamorfosar, kjøtmeiser, mygg og menneske med store lengslar, store sorger, små problem og store og små tankar spelar seg ut i novellesamlinga «Vonde blomar». Kva skal du til dømes gjere når du plukkar vonde blomar? Kva skal du seie i opningstalen din når det flunkande nye museet ditt har sokke i jorda? Kva skal du gjere når alt du tek i blir til slimål? Og kva skal du gjere når du har lengta etter å besøke dei kvite klippene ved Dover, men no er død? «Vonde blomar» handlar om kjærleik, død og opprør, om å skifte form eller å bli verande den same, om flokane i det arbeidet som heiter å forstå.

Om Podcasten

Kolon forlag - podkast for ny litteratur presenterer forlagets skjønnlitterære forfattere som leser fra sine bøker, i opptak fra studio eller fra et arrangement. Innimellom presenteres også forfattere fra andre forlag. Kolon forlag er et skjønnlitterært forlag som utgir nyskrevne romaner, noveller, dikt, gjendiktninger, skuespill, essays og antologier. Kolon forlag ble stiftet i 1995 og er et selvstendig forlag i Gyldendal Norsk Forlag.