Kjersti Rorgemoen: «Eit praktisk menneske»

Utdrag frå lydboka «Eit praktisk menneske» av Kjersti Rorgemoen, lese av Marie Blokhus. Om boka: Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv? «Eit praktisk menneske» er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?

Om Podcasten

Kolon forlag - podkast for ny litteratur presenterer forlagets skjønnlitterære forfattere som leser fra sine bøker, i opptak fra studio eller fra et arrangement. Innimellom presenteres også forfattere fra andre forlag. Kolon forlag er et skjønnlitterært forlag som utgir nyskrevne romaner, noveller, dikt, gjendiktninger, skuespill, essays og antologier. Kolon forlag ble stiftet i 1995 og er et selvstendig forlag i Gyldendal Norsk Forlag.