13 - Genmodifisering

E-mail: Laernorsknaa@gmail.com For transcript of the epsiode: https://laernorsknaa.com/13-genmodifisering/ YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠ Støtt podkasten: Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠ Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠ New technology leads to change in how we conduct our agriculture. Although humans have for a long time been breeding animals to favor certain qualities, technological developments have now made it possible to change the genes directly. How has this been used in modern agriculture? Is it a good thing or should we be worried?  Fenomenet i seg sjølv er ikkje nytt då dette har blitt gjort indirekte i tusenar av år ved å kontrollera paringa til dyr. Ein vel kven som skal parast med kven, og slik kan ein prøva å avla fram dei eigenskapane ein ynskjer. For eksempel har menneskje lyst på kyr som produserer mykje mjølk. Tradisjonelt har ein då latt dei kyrne som produserer mykje mjølk få mange kalvar. Eit anna eksempel er griser med mykje kjøtt. Ein har eit ynskje om store grisar som kan gje mykje mat, og då er det fordel at den største mannegrisen og største kvinnegrisen får ein grisunge saman som forhåpentlegvis blir ein stor gris. Ein kan også gjera det same med planter, for eksempel tomatar. I utgangspunktet var ville tomatar ikkje større enn blåbær. Kanskje ein i framtida vil få blåbær som er like store som tomatar? Hundar var nok truleg den fyrste dyrearten som blei modifisert av menneskje for ca. 32 000 år sidan. Eigenleg er hundar og ulvar same art, men på grunn av menneskestyrt avl, altså at menneske har bestemt kven som skal parast med kven, ser hundar og ulvar ganske ulike ut. På plantesida var kveite, altså det ein lager brød av, den fyrste planten som menneske medviten endra for 9000 år sidan. Altså har genmodifisering ein lang historie. Det som er nytt i dag er at teknologien no har gjort det mogleg å gå inn i organismen og endra spesifikke gen. Den fyrste planten som blei godkjent til å dyrka var tomaten Flavr Savr i 1994 i USA. Ein endra eit gen i tomaten som gjorde at den haldt seg finare lenger, det tok lenger tid før den begynte å rotna. Tomaten blei også modifisert til å smaka betre. Det verker difor som det er mange fordelar med å genmodifisera mat – slik held maten lenger, smaker betre, og er større. Bruken av genmodifiserte planter, GMO, har auka mykje dei siste åra. I 2016 var 12% av all jordbruksareal dekka med GMO planter.

Om Podcasten

“Lær Norsk Nå!” is a podcast for the intermediate Norwegian learner (B1-B2) who wants to listen to authentic Norwegian spoken in a clear and slow manner. Transcriptions for the episodes are easily available at the website for the podcast, providing textual support for the spoken material. The podcast deals with many different topics including history, culture, science, literature, the Norwegian language and more; this provides the learner with a range of different topics in Norwegian, leading to ample opportunity to improve one’s Norwegian. It is also a fun and engaging way of learning!