Regjeringskrise, heltebiskop og fordommar. Høyr episoden hos Podme og i BT-appen.

EU og straumprisar kan sprengje regjeringa, og Hans forklarar kvifor. Men kven tener eigentleg på ei regjeringskrise? KrF får ny leiar, er på jakt etter nye veljargrupper og går i kulturkrigen. Og me tar debatten om Gen Z og luftar alle fordommane våre.

Om Podcasten

Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.