Ordskifte - Island
Denne veka får Ordskifte besøk av Fridrikka Gudmundsdottir. Ho har islandsk som morsmål, så denne sendinga er ein skikkeleg Island-spesial! Blant anna snakkar me om islandsk språkhistorie, korleis det er å veksa opp med to språk, og om purisme er ein god språkpolitikk. I tillegg prøver Ole å forklara kva kasus eigentleg er. I studio: Ole Raade og Maria Gunnarsdotter Svedal Ordskifte er programmet for deg som har ei meining om kva som er rett og kva som er gale å sei. Vi tek for oss språklege finurlegheiter og grunnen til at du snakkar akkurat slik du gjer. Viss du føler det du treng i radiouniverset ditt er eit språkprogram med eit friskt pust, er Ordskifte programmet for deg.