Ordskifte - Konstruerte språk og intervju med Julian Lysvik!
I denne vekas sending ser vi nærare på konstruerte språk! Vi er då innom auxlangs, faktiske hjelpespråk som til dømes esperanto, og artlangs som vi er vande med frå film og tv. Vi har også fått gleda av å intervjue Julian Lysvik, som har konstruert steinalderspråket i HBO-serien "Beforeigners"! I studio: Ingrid Årdal, Tiril Absalonsen og Berit Jonsbråten. Ordskifte er programmet for deg som har ei meining om kva som er rett og kva som er gale å sei. Vi tek for oss språklege finurlegheiter og grunnen til at du snakkar akkurat slik du gjer. Viss du føler det du treng i radiouniverset ditt er eit språkprogram med eit friskt pust, er Ordskifte programmet for deg.