Ordskifte - Språk og religion
Denne veka tek vi føre oss korleis vi pratar om religion og i kva grad språk er viktig i ulike religionar. Masterstudent Julie Marie Lorentsen er på besøk og deler litt av sin kunnskap om "begrepsmetaforteori" frå si bacheloroppgåve! I studio: Ingrid Årdal, Petter Morland og Berit Jonsbråten. Ordskifte er programmet for deg som har ei meining om kva som er rett og kva som er gale å sei. Vi tek for oss språklege finurlegheiter og grunnen til at du snakkar akkurat slik du gjer. Viss du føler det du treng i radiouniverset ditt er eit språkprogram med eit friskt pust, er Ordskifte programmet for deg.