Åleine med eigne tankar

- Ja, du blir på grensa til gal når du føler du har tenkt på alt som det går an å tenkja på, innrømmer Karen Kyllesø frå Årdal i Ryfylke. 13. januar 2025 kom ho fram til Sørpolen etter 54 dagar åleine på ski over Antarktis. Då ho nådde polpunktet sette ho verdsrekord i å vera den yngste som har gått åleine til Sørpolen. 21 år gamle Karen hadde planlagt turen i seks år, heilt sidan ho kryssa Grønland i niande klasse. I podcasten På Ekta møter me den uredde, rasjonelle ryfylkingen, som alltid h...

Om Podcasten

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.