Alltid på (lege)vakt

Han lovprisar små samfunn, og meiner verdien av at «alle kjenner alle» er mykje større enn ulempene. Det har Bjarte Sørensen erfart som kommunelege gjennom 16 år i si eiga heimbygd. Likevel kastar han loss, og reiser langt, langt vekk frå sitt kjære Ryfylke. Ja, kanskje for godt. Høyr den mildt sagt interessante historia om Bjarte Sørensen i første utgåve av podcasten «På ekta».

Om Podcasten

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.