Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både kalvar, kyr og familien. Og han nyttar dagen til det fulle, også til heftige diskusjonar. Ikkje minst gjeld det kommunesamanslåing for hans kjære Forsand, som han har jobba mot. Men, korleis er det eigentleg å stå i stormen i ei så heftig sak? Og er det ikkje på tide å gje seg? I denne episoden av “På ekta” blir me kjent med gardbrukaren Rolf Magne Haukalid frå Forsand. Det blir store stutar, tidleg familiefrukost, klartenkte ungar og galopperande naboskap....

Om Podcasten

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.