Lidenskap og sære trekk

Oddbjørn Mihle Strand frå Tau har på mange måtar kome heim. For han har gått gradene i idrettslaget Midtbygdens Idrettslag (MIL), frå barn til a-lagsspelar. Men, etter at den halvstuderte «røvaren» har jobba i bank, skule og møbelbutikk, er han blitt dagleg leiar for moderklubben. Ein altoppslukande draumejobb, som han seier. Dessutan kommenterer han lokalfotball for Aftenblad-TV og får kick av å lesa ein femtedivisjons-tabell. Møt Ryfylke sitt svar på Arne Scheie, småbarnsfar og energibunt O...

Om Podcasten

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.