Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya Finnøy, som han flykta frå som 16-åring, og aldri skulle tilbake til. Men, Oddvar Vignes er den dag i dag sikker på at utan Finnøy og bygdesamfunnet hadde han aldri levd i dag. Høyr den ærlege historia om å erfara livet og bli grens...

Om Podcasten

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.