Med Ryfylke og verda som boltreplass

Ho elskar å reisa, og har heile verda som leikegrind. Rastlaus, uredd og litt naiv. Men trur du ikkje globetrotteren Helene Helgøy har slått seg ned på den vesle barndomsøya med 44 innbyggjarar. Og den første faste jobben hennar er i … nettopp … familiebedrifta Helgøy Skyssbåt, som fartar på kryss og tvers i Ryfylke. Men, om ho blir verande? Vel, ingen veit kor Helene Harefrøken hoppar. Bli med om bord og møt den sjarmerande og engasjerande matros Helene Helgøy.

Om Podcasten

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.