Verdas sterkaste kvinne

Ho har satsa alt og det har gått på helsa laus. Men, ikkje tale om ho vil gje seg. For visst går det an å bli verdas sterkaste kvinne om ein bur i Sauda, lengst inn i Ryfylke. Møt Hildeborg Juvet Hugdal, styrkeløftar i verdsklasse, åleinemor og engasjert lærar. Ho erobra verda, etablerte seg i byen, men fann freden heime i Sauda igjen. Me møter også elevar i tredje klasse som skal bli verdsmeistrar dei også, akkurat som lærar Hildeborg.

Om Podcasten

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.