Vil vera der det skjer

Det er gjerne ikkje rart at Håvard Handeland blei ordførar i Sauda som 19-åring. For alt som seksåring blei han vald inn i elevrådet på barneskulen. Og det skjedde sju år på rad, ved hjelp av ein sleip valkampstrategi og dobbeltstemme til seg sjølv. Historia er nesten for god til å vera sann. Soga om Håvard Handeland er også ei historie om han som pur ungdom brukte kommunestyremøte på internett som laurdagsunderhaldning, om ein som elskar å lesa 512-siders rapportar om framtidig skulestruktur...

Om Podcasten

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.