#62 Sport und Spaß 4.desember med Espen R. Nakstad

Kveldens gjest er sjølvaste 71 grader Nord-vinnaren, Espen R. Nakstad! Norges tøffaste kjendis fortel om turen gjennom Stryn og Hornindal, forholdet til dei andre deltakarane og det å halde deltakinga skjult for kollegaer og vener. Han blir også utfordra på ei dialektoppgåve. I sendinga ringer vi også opp Månadens lyttar og det blir spalten "Ka i alje dage"?

Om Podcasten

I denne podcasten finn du blant anna Radio Stryn-programma Sport und Spaß, Jabbing om jobb og Vekas utvalde. I tillegg dukkar det frå tid til annan opp ulike temasendingar. Sport und Spaß er ei herleg blanding av sport og fjasing med programleiarane Roy Aron B. Myklebust, Thomas Thaule og Frank Hool.