Gjestesending: Stryn Ping Pong Club (SPPC) 20 år

I april 2004 såg guteklubben Stryn Ping Pong Club dagens lys. Ganske tilfeldig og utan vidare plan for kva dette skulle utvikle seg til å bli. Kåre Tonning, Arve Aaning, Åge Rustøen og Christer Lunde Solberg er på plass i radiostudio for å mimre om 20 år med galskap og kameratskap. I tillegg bidreg Kim Rune Flo, Torstein Breivik, Jan Egil Flo og Robin Vonheim i sendinga.

Om Podcasten

I denne podcasten kan du høyre sendingane til Radio Stryn-programmet "Sport und Spaß. Ei herleg blanding av sport og fjasing med programleiarane Roy Aron B. Myklebust, Thomas Thaule og Frank Hool. Frå tid til annan vil du også finne andre program frå Radio Stryn.