Gina Bernhoft Gørvell om Sonja, samurai og Snøsøstera

I denne episoden av Språkoppdraget har vi fått ein ny skodespelarkollega frå Det Norske Teatret i studio. Gina Bernhoft Gørvell kom rett til Det Norske Teatret frå skodespelarutdanninga på KhiO for fem år sidan. Sidan har ho spelt ei rekke ulike roller på alle scenane våre. No før jul er ho aktuell i to roller, Hedvig i Snøsøstera, og den nesten ordlause rolla skuggesøstera i Jente, 1983.Korleis er det å spele ei framsyning 100 gonger og kva gjer kvar framsyning spesiell? Kva er forskjellen på ei rolle med mykje tekst og ei rolle utan tekst, og kvifor synest Gina det er viktig å spele teater for barn?Vi snakkar sjølvsagt også om nynorsk, om dei vestlandske røtene og kven Gina trur ho ville vore om ho vaks opp på Vestlandet. Kva var det som gjorde at Gina melde seg inn i Norsk Målungdom da ho gjekk på Oslo katedralskole, kva gjer at ein tekst festar seg og kvifor nokre tekstar er vanskeleg å lære seg, og kva var det som skjedde den gongen ho skjønte at ho skulle drive med teater?Denne hausten svingar Gina også samuraisverdet og snakkar flytande japansk på TV. Eller gjer ho eigentleg det? Ho tar oss med inn i universet til gamaren Ida, hovudrolla som ho speler i NRK-serien Dates in real life, og fortel om korleis ho førebudde seg til rolla. Vi snakkar om forskjellane mellom TV og teater, og om korleis det er å spele ein ekte person. Neste år kjem nemleg serien Harald og Sonja, der Gina speler sjølvaste Sonja Haraldsen, i dag meir kjent som dronning Sonja. Det kan også hende du får eit glimt av både Jon Fosse og Olav H. Hauge i denne episoden og ei avsløring om den aller første rolla Gina hadde på TV. Stikkord: JUL! Høyr meir om det i Språkoppdraget.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.