Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst

Endeleg er det sesongopning av Språkoppdraget, og den første gjesten vår denne hausten er ein god kollega, som neste år feirar sølvbryllaup med Det Norske Teatret. Då har nemleg skodespelar Heidi Gjermundsen Broch jobba ved teateret i 25 år. Ho har spelt og sunge store roller i store musikalar, og har også spelt ei rekke andre roller på scenane våre sidan ho byrja jobbe her i år 2000. I denne episoden av Språkoppdraget kjem Heidi rett frå prøvar på stykket Eg føreslår av vi vaknar, basert på romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud, der ho speler hovudrolla som Vilde Berg. Ho tar oss med inn i prøveprosessen tre veker før premiere, fortel om korleis det er å lage teater av ein ny scenetekst, om kva det er med språket til Beate Grimsrud som er så fascinerande, og Heidi forklarar oss korleis ho lærar seg tekst. Det handlar om kontekst.I denne episoden av Språkoppdraget får vi også høyre om korleis nynorsken hjelpte Heidi med å finne tilbake til Råde-dialekta og korleis dei to språka passar i lag, kva det har kosta å spele i store musikalroller - utan at det har vore eit offer – og kvifor det er viktig for ho, og vi får høyre om kva rolle som har betydd mest for ho. Vi snakkar også om pust, om boksing, om den største forskjellen på å synge og snakke på scenen, vi er ein tur innom Heidi på engelsk, og vi snakkar om korleis Heidi Gjermundsen Broch fann vegen inn i teateret.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.