Jakob Höglund om irsk musikk, finsk grammatikk og nynorsk romantikk

Årets første gjest i Språkoppdraget kjem frå Finland, men lærte seg finsk først i vaksen alder. Skodespelar, dansar, koreograf, regissør og teatersjef Jacob Höglund er fødd og oppvaksen i Österbotten i Finland, der finlandssvensk er det dominerande språket. Om lag 300 000 finnar har finlandssvensk som morsmål, og i Språkoppdraget fortel Jacob om korleis det er å vekse opp i Finland utan å snakke finsk, om kvifor han takka nei til å gå i finsk barnehage då han var 5, og korleis teateret fekk han til å bli tospråkleg. Vi lærer meir om den finske språksituasjonen, om forskjellar på finlandssvensk og svensk, og får ein smakebit av finsk grammatikk.Jacob, som til dagleg er teatersjef på Lilla Teatern, Helsingfors Statsteaters svenskspråklege scene, har ikkje reist eins ærend til Oslo for å vere med i Språkoppdraget. Han er på Det Norske Teatret for å regissere musikalen Once på Scene 2, som har premiere 1. februar. Vi kjenner litt på premierenervane til regissøren, og snakkar også om forskjellane på å sette opp Once på finlandssvensk, finsk og nynorsk. Jacob har nemleg gjort Once på alle desse språka. Vi ser på forskjellar i gjendiktingane av musikalen, som opphavleg er skriven på engelsk, snakkar om likskapane mellom finlandssvensk og nynorsk, og om kva to teater med eit særskilt språkoppdrag har til felles.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.