Julehefte spesial

Dei årlege julehefta er eit viktig element i julefeiringa for mange. Juleheftet har ein lang tradisjon i Noreg, med røter tilbake til 1800-talet. Det første teikneseriejuleheftet, med det amerikanske søskenparet Knoll og Tott, kom i 1914. Men vi har også fire nynorske hefte som har vore med oss, meir eller mindre årleg, sidan 1940-åra. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Nana Rise-Lynum frå Norsk barneblad og Kjartan Helleve frå Fonna Forlag, som gir ut nokre av dei aller eldste teikneseriehefta vi har i Noreg: Smørbukk (1941), Tuss og troll (1945), Vangsgutane (1941) og Ingeniør Knut Berg (1945).Dei to forvaltar ein sentral del av norsk juletradisjon og kulturarv, og det som har vore ein sentral reiskap i målkampen og ei viktig inntektskjelde. Men kan norske folkeeventyr vere for dryge for vår tid? Kan Smørbukk vere på Facebook? Kan mora til Vangsgutane gifte seg med Sterk-Ola? Alt dette kjem vi inn på i denne episoden. Vi lurer også på kor i Noreg folk les mest julehefte og korleis framtida ser ut for denne tradisjonen. Og når ein arbeider med julehefte heile året – les ein da julehefte til jul?  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.