Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar

Spynorsk. The Musical hadde premiere i april og speler i vår for fulle hus på Det Norske Teatret. I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen, nemleg Nynorsk ordliste. På premierefesten til Spynorsk. The Musical var det to personar som stod i fleire timar og skreiv autografar, og det var dei to redaktørane av nettopp Nynorsk Ordliste. Ei av dei er leksikograf Margunn Rauset, som også er hovudredaktør for Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet. Vi har invitert henne til Språkoppdraget for å fortelje om livet som ordbokredaktør. Skriv ho alltid autografar på fest? Kor mykje makt har ho eigentleg over språket? Kor mange gonger for dag brukar ho sjølv ordboka og ordlista, og kva er eigentleg forskjellen på dei to? Kor redd blir du for å skrive feil når du er sjef for sjølvaste ordboka? Og er eigentleg boka betre enn musikalen? I Språkoppdraget går vi inn i historia frå Ivar Aasen og fram til den ordboka vi har i dag, slik ho eigentleg er, dukkar litt djupare ned i kløyvd infinitiv og snakkar mykje om korleis ein eigentleg redigerer ei ordbok. Kva skal til for å få inn eit ord, korleis endrar eit ord skrivemåte, og kan eit ord forsvinne frå språket? Med ein ordbokredaktør i studio er det naturleg å komme inn på dei vanlege skrivefeila våre, dei beste nynorsktipsa og få svar på kva folk eigentleg lurer på om rettskriving. Og har det eigentleg noko å seie om det er menn eller kvinner som redigerer ordboka? Vi får også vite kva ord Margunn Rauset er mest flau over å ha tatt inn i ordlista. Velkommen til ein dryg times djupdykk i ordboka mange av oss les i kvar dag. Du kan høyre podkasten på MP3-spelaren din, nei, orsak; der du høyrer podkast.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.