Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess

Eigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den litt harde kommunikasjonsforma i industrien på Vestlandet, og reiste til Oslo for å komme i kontakt med sine eigne kjensler gjennom dei kunstnarlege prosessane på skolen.I år er det 10 år sidan Preben debuterte som profesjonell skodespelar, og på dei åra har han gjort ei rad ulike roller her på Det Norske Teatret, frå steppande misjonær i Uganda i The Book of Mormon til tittelrolla i Raskolnikov, der han speler ein lutfattig og febril mordar. Han har vunne norsk teaters mest høgthengande pris, Heddaprisen to gonger for beste medspelar og ein gong for beste hovudrolle. No speler han endeleg i eit stykke av ein annan vestlending han har stor respekt for, Jon Fosse.Preben kjem til opptak av Språkoppdraget rett frå ei framsyning av Einkvan, det nyaste Fosse-stykket, og fortel oss om rutinane sine før og etter ei framsyning. Vi snakkar også om korleis det er å gyve laus på den første urpremieren til Fosse etter at han fekk Nobelprisen, vi dykkar ned i språket og pausane til Fosse og inviterer oss sjølve inn i hovudet til Preben for å forstå korleis han går inn i rollene han speler, om kvifor han alltid forsvarar karakteren sin, uansett kor patetisk han er, og om kva som er den største forskjellen på å spele hovudroller og biroller.Vi snakkar om pugging av tekst, om kva som skil ein lang pause frå ein ganske lang pause, om kva som er best av teater og film, om kvifor Preben har slutta med teiknsetting i skrift, om korleis dialekta hans har tolt flyttinga til Oslo, kva som ville vore den ultimate musikalrolla for Preben Hodneland og kva han følte den gongen han fekk kjeft av Jon Fosse. Velkomne til ein god og nerdete prat om teater og språk! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.