Språkoppdragets julestrømpe!

Dei rolege juledagane er endeleg her, og kva er vel betre enn å lytte til Språkoppdragets julespesial mens du et noko søtt før frukost? Vi har fylt opp ein liten julestrømpe med juleknask av aller beste sort. Vi snakkar om den jula Ivar Aasen snødde inne i Ørsta og den nyårsaftanen han gjekk seg vill på Oslo Vest, om kvifor Hulda Garborg grudde seg til jul og om kva Arne Garborg hadde imot juletre. Lurer du på kva Hulda Garborg gav Arne i gåve tre år på rad, korleis den første julefeiringa deira i lag var, eller kva slags juleting Ivar Aasen samla på? Vennane våre i Aasentunet i Ørsta og på Garborgsenteret på Bryne fortel oss om korleis desse tre nynorskheltane feira jul. Vi tar også eit dykk i arkivet, eit dykk i godteskåla med julekaramellar i studio, og vi mimrar om året som har gått og hentar fram klipp frå tidlegare julesendingar.Språkoppdraget er din beredskapsvenn i jula. Her skal ingen vere julelaus. God jul! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.