Sveinung Rotevatn om maktspråk, jusspråk og nynorsk i Grunnlova

Dagens gjest er kjent frå ein annan scene enn teaterscenen, nemleg den politiske scenen, men han har også mange andre talent. Han har både sete ved kongens bord og ikkje minst spelt i kongens eige korps. Han er fløytist, pianist og jurist, men er mest kjent som nestleiar i Venstre, stortingsrepresentant og tidlegare statsråd. I denne episoden av Språkoppdraget tek Sveinung Rotevatn oss med bak kulissane i politikken og inn i maktas korridorar. Korleis er det eigentleg å vere profesjonell kranglar og korleis er forholdet mellom politikarane utanfor Dagsnytt 18-studioet? Blir ein opposisjonspolitikarar nokon gong lei av å vere kritisk til regjeringa og kva gjer politikken med språket ditt? Vi får eit krasjkurs i parlamentarisk språk, og blir faktisk nøydde til å klubbe gjesten for uparlamentarisk språkbruk. Rotevatn, som er nybakt luteigar i Det Norske Teatret og leiar i Løvebakken mållag, fortel om kvifor han har foreslått å få norsk språk inn i Grunnlova, om kvifor det ikkje står noko om språk der frå før og kva han meiner er godt jusspråk. Han snakkar også ut om si største dialektfrykt, om kvifor det er lurt å komme frå Vestlandet om du skal bli god i engelsk og kvifor han aldri har vurdert å skifte frå nynorsk til bokmål. Vi er også innom kvifor det er lurt å gi bort medlemsskap i Grand Prix-klubben i dåpsgåve og om han var fornøgd eller misfornøgd med å ryke først ut av TV2-programmet «Norges dummeste» i haust. Består Sveinung Rotevatn VG-testen? Det finn du ut i denne episoden av Språkoppdraget.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.