Tom Roger Aadland om Bob Dylan på norsk

Det er dessverre veldig mange her i verda som ikkje skriv nynorsk. Ein av dei er Bob Dylan. Flaks, derfor, at vi har Tom Roger Aadland i landet, som har tatt på seg oppdraget med å finne norsk språkdrakt til Dylans tekstar. Aadland er gjest i Språkoppdraget, og med gitaren på fanget fortel han om konsertframsyninga Vikla inn i blått, sin første Dylan-kassett og korfor Sad-Eyed Lady of the Lowlands funkar som Sorgsame kvinne ifrå Jæren.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk.Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by.Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål.Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål?I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn.Ny episode annankvar onsdag utover hausten.Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.