Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug - om  The Sound of Music, Nynorsk, Edelweiss og litt Matematisk Forvirring

I denne episoden får du møte Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug, to sentrale personar bak Bømlo Teater si storsatsing The Sound of Music – for aller første gong på nynorsk og på utescene i majestetiske Moster Amfi. Me snakkar om strekk og sveitte, myggar (altså mikrofonar – ikkje insekt), oversetjingar som både må høyrest fine ut og vere gode å synge, og kvifor Edelweiss fekk gamle karar til å bryta ut i mannskor på aldersheimen.Me får høyre om kvifor det å bygge scenografi i Amfiet er som å bygge eit hus (som straks skal rivast), og kvifor det faktisk kan vere heilt greitt. Og kvifor åtteåringar som står timevis i solsteiken, får Gunvald til å skjerpa seg. Her blir det smil, inspirasjon og ekte teatermagi – ispedd litt matematisk forvirring om kor gamal filmen eigentleg er...Dette er episoden for deg som:elskar musikallurer på kva «strekk» betyr i teaterverdaog som kanskje (bittelitt) vurderer å bli frivillig neste gong Bømlo Teater ropar ut! NB: Billettane går fort! Sponsor: Finnås KraftlagFinnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemmene sine.Målet er å fremja interessene til innbyggjarane og verksemdene i konsesjonsområdet.Dette gjer dei ved å driva med produksjon, distribusjon og sal av energi, tilby breibandstenester gjennom attraktive produkt frå Altibox, og ved å dela ut gåver til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.Medlemmene får også kjøpsutbytte basert på samhandel med selskapa i konsernet.Finnås Kraftlag er ein lokal aktør som er genuint oppteken av utvikling og trivsel i nærmiljøet til kundane sine.Ein stor takk til Finnås Kraftlag for at dei sponsar denne episoden!

Om Podcasten

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor