Helen Daae Frøyseth - om et skriveliv, refusjonar, nettroll og livet på Tysnes
I 2024 debuterte Helen Daae Frøyseth med boka Et skriveliv. I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du høyra ei sterk og ærleg historie om å våga, skriva – og om å bli møtt av både heiarop og motstand.
Vi snakkar om skrivelyst, kjærleik til poesi, litterære refusjonar, overgangen frå byliv i Bærum til bygdeliv på Tysnes – og ikkje minst: korleis det kjennest når boka endeleg er ute, og verda skal meine noko om det du har skrive.
Helen deler òg opent frå tida som redaktør i Bladet Tysnes – inkludert korleis det var å bli råka av nettroll på ein liten plass.
Du får òg høyra kva som kan gjera henne adrenalinsint …
Dette er episoden for deg som…
- drøymer om å skriva, men lurer på om du er god nok
- har kjent på både skrivelyst og skrivesperre
- vil høyra korleis det er å debutera med bok
- er nysgjerrig på livet som redaktør i lokalavis
- har opplevd nettroll og kjenner på behovet for mot og grenser
- likar poesi, nynorsk og ærleg refleksjon
- vurderer å flytta frå by til bygd – eller har gjort det
- treng ein påminnar om at det å stå i motstand òg er ein del av livsreisa
Slå følgje med Helen på Instagram: https://www.instagram.com/haldefram/
Boka, Et skriveliv, kan du kjøpe her: https://www.ark.no/produkt/boker/skjonnlitteratur/et-skriveliv-9788281633162
Sponsor: Tysnes gjev meirsmak
Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.