Inger Christin Hystad Barane - om om kvifor fleire unge bør engasjere seg politisk, draumen om Ferrari og Alice Cooper

Som politikar er ho kunnskapsrik, innsiktsfull og god til å snakka både til hjarta og hjernen. Eit stort politisk talent, rett og slett – det er skussmålet Inger Christin Hystad Barane får av meir erfarne politikarar.

Hausten 2023 kom ho inn i kommunestyret på Stord, så vidt me veit som den yngste kvinnelege representanten gjennom tidene.

I denne episoden får du bli litt betre kjent med Inger Christin og korleis det er å vere engasjert i politikken.

Om Podcasten

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor