Kjell-Torodd Fitjar Bremskau - Kva er nøkkelen til å lykkast som gründerbedrift?

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Kjell-Torodd Fitjar Bremskau frå Alde Akva. Han deler historia bak selskapet, som han starta, saman med Geir Ingolf Strand og Eirik Østerhaug, i 2020, midt under pandemien. Dei hadde jobba tett saman før og såg moglegheita til å skape eit fleksibelt konsulentmiljø innan akvakultur.

Kjell-Torodd fortel om oppstarten, utfordringane, og kor viktig støtta frå inkubatoren Atheno og familiane var. Han peikar på verdien av grundige førebuingar og å starte forsiktig. 

Episoden gir eit ærleg og inspirerande innblikk i gründerreisa – frå dei første idéane til nervøse, men spennande lanseringsdagar og korleis dei har utvikla selskapet. 


Sjekk ut: https://aldeakva.no


Om Podcasten

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor