Livepod frå Bømlakonferansen 2025 med Martin Laurhammer

Han er mannen som alltid får ting gjort. Martin Laurhammer har fått både Næringsforeningen på Haugalandet sin bragdpris og Haugesund kommunes ærestegn«De fykende måker»,  for innsatsen sin. Ein mann med handlekraft, stå-på-vilje – og ei imponerande evne til å finne løysingar der andre ser problem.I denne live-episoden frå Bømlakonferansen 2025 får du høyre Martin dele om oppveksten på småbruk, korleis arbeidsmoral og dugnadsånd vart forma tidleg, og historia om korleis far hans overtydde han om å flytte heim til Bømlo: «Du skal komme heim og hjelpe folk å få til noko.»Laurhammer fortel òg om viktige prosjekt som vannverksutbygging, Trekantsambandet, Moster Amfi og Haugesund lufthamn – og om verdien av å stå på når byråkratiet seier nei. Han deler óg ærlege glimt frå sjukdom, livet som pensjonist (utan å legge arbeidsiveren heilt på hylla) – og ikkje minst råd til unge om integritet og korleis ein kan få ting til i dag.

Om Podcasten

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor