Reinert Svanberg om Personleg Fridom og Ansvar, Formuesskatten og Økonomisk Vekst

Han er litt over snittet interessert i politikk – og kjent for å vere kjapp både i hovudet og i replikken. I denne episoden møter du Reinert Svanberg. Me snakkar om oppvekst i Sagvåg, fagbrev og ingeniørstudier, kvifor han kallar seg «kontrær av natur», og korleis både arbeidsliv, internasjonale erfaringar og lokal industri har prega synet hans på politikk og samfunn.Personleg fridom og ansvar – ønsket om minst mogleg statleg styring og overstyring i folks liv.Økonomisk vekst og verdiskaping – behovet for å skape lønnsame arbeidsplassar utan å tape av syne miljø og lokalsamfunn.Formuesskatten – kvifor FrP ønskjer å fjerne den, og kva konsekvensar han meiner den har for norske bedrifter.Kompromiss i politikken – kvar grensene går for kva han er villig til å forhandle om, og kva han meiner ein ikkje bør fire på.Lokalpolitikk og arealsaker – erfaringar med dispensasjonar, reguleringsplanar og kritikk av statsforvaltaren si rolle.Internasjonal erfaring – lærdom frå å pendle og jobbe i Polen og Singapore, og korleis det påverkar synet på økonomi og samfunn.Hordfast – sett som den største framtidige moglegheita for Stord og Sunnhordland.Arbeidsliv og respekt for fagkompetanse – verdien av både fagarbeidarar og ingeniørar, og korleis dette formar politikken hans.-----Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: ⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe⁠

Om Podcasten

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor