Torstein Hatlevik - Om Haaheim Gaard og korleis ein lukkast innan reiseliv i Sunnhordland

Torstein Hatlevik fortel om historia til Haaheim Gaard og korleis han har bygd stein på stein for å utvikle denne destinasjonen i Sunnhordland. Han deler sine beste tips og strategiar for å lukkast i reiselivet.

Sjekk ut: https://www.haaheimgaard.no

Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - ⁠https://www.visittysnes.no⁠

Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. 

Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠visittysnes.no⁠ finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg. 

Om Podcasten

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor