Ulvar Akselsen - om Politikk, Samfunnsdeltaking, Helse og Døden

Korleis er det å vere ung, engasjert politikar i Sunnhordland? Kva saker engasjerer mest? I denne episoden blir du betre kjend med Ulvar Akselsen, som er med i Kommunestyret på Stord. Han er medlem av utvalet for Rehabilitering, helse og omsorg. Ulvar har sjølv erfart kor viktig det er å bli møtt på ein god måte når sjukdom rammar. I episoden deler Ulvar korleis det var då faren, Olav Akselsen, vart ramma av hjernesvulst.

Om Podcasten

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor