Vanja Storetvedt og Vegar Lønnheim – Frå Ynskje til Vilje - Motivasjon for Meir Fysisk Aktivitet

80% av folket i Noreg er ikkje så fysisk aktive som FHI tilrår. Nokre som ynskjer å bidra til å endre dette er coach Vanja Storetvedt og fysioterapeut Vegar Lønnheim. I februar 2024 startar dei opp med motivasjonsretta kurs. Der kan du lære korleis du går frå ynskje til vilje, og får på plass gode treningsrutinar. Kva dette inneber og korleis det kan bidra til betre folkehelse, får du høyre om i denne episoden. Du får gode tips til korleis du kan kome i gang med meir fysisk aktivitet og du får høyre kvifor kognitiv forankring er viktig! Sjekk ut: https://www.b3helse.no/

Om Podcasten

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor