68. Lejre: Arkeologi og segnhistorie. Samtale med kulturformidlar Krister Vasshus

Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfellet Lejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det noko med landskapet? Geografien? Finst det kanskje stadnamn som kan fortelja om det? Innspela i Lejre 18. juli 2024.

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining