76. Oseberg-teppa: gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Samtale med arkeolog Marianne Vedeler

Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det kan minne oss om at fortida er eit framandt land. Korleis tolkar vi eigentleg fortida?   Fleire stikkord: Gravferdsprosesjon, svart katt, hekser på kosteskaft, seiðr / seid, Gislesoga, Överhogdal, Hekneveven, Darraðarljóð / Darradarljod, oppstadvev, skjolddikt, Gudrunkvida / Gudrunkvadet, hengings-scenen hos Adam av Bremen, Håvamål, vardøger / hug / fylgje, dyreham, skjoldmøy / kvinnekrigarar, Bodvar Bjarke, oljelampe, Heimdall, Tåtten om Gunnar Helming, store forteljingar, Snoldelevsteinen, tolkingsmetode.

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining