82. Horg i stadnamn, landskap og førkristen kult

Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn og gardsnamn kringom i landet, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva det var for noko, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Eg gjev mi forklaring i ei vitskapleg bok som kjem ut no, og her får du høyre kva som står i den. Eg har undersøkt landskapet rundt alle stader som heiter noko medhorgi Norden for å finne det eg meiner er svaret.Figurane vi kommenterer i episoden, kan du sjå i pdf-en av boka, som ligg gratis på: https://www.idunn.no/doi/book/10.18261/9788215067810-25

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining