84. Ty, solulvar og vårjamdøgn

Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrfenomen på himmelen, stjernebiletet Ulvekjeften, og fimbulvinteren på 500-talet. Ikkje minst blir det ei heilt ny forklaring av guden Vidar. Andre stikkord: Bisol / parhelion, krigsguden Mars, tidsrekning, vekedagsnamna, tysdag / tysdag, ringborger / trelleborger,Trundholmvogna / Trundholmvognen, Tysnes, Fenrisulven, Hyades, Auriga, stjernehimmelen, gandreið, solkross / solkors, klimakrise, astrologi, Mesopotamia, Týr.

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining