86. Tunkallar og huldrefolk i Nordhordland. Samtale med illustratør og landskapsforvaltar Kjersti Isdal

Kva skapningar måtte folk tilpasse livet etter i det førmodernejordbrukssamfunnet? Her ser vi på dette i naturmytiske segner frå ein region på Vestlandet. Det blir tunkallar og huldrefolk, magisk felespel og feite huldrekyr, stålkasting, flatbrødbrenning, pining av spedbarn, sensur, huldreelsk, schizofreni og utruskap, jordmor hos dei underjordiske og tjørekrossar over døra. Men kva funksjon hadde desse førestillingane?

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining