89. Klangen i landskapet. Samtale med musikkarkeolog Gjermund Kolltveit

I gammal tid var lyden i landskapet viktig. Folk utnytta lyden som berre var der, og dei utnytta landskapet til å skapa og forsterke lyd – for å kommunisere, og med rituelt føremål. Det kan dreie seg om plassering av hellemaleri og den slags, og om skikkar knytte til klangsteinar og dei underjordiske – heilt fram til vår tid. Kva inneber det at folk kalla ekko for dvergmål?

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining