90. Mytologiske stolpehol. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen

Vi veit vel mykje om norrøn mytologi? Tja, kanskje er det heller slik at vi veit litt, om dei viktigaste figurane. I dag skal vi snakke om nokre vi berre ser avtrykk av i kjeldene, eit fotspor eller to. Vi ser holet, der det ein gong har stått eit mytekompleks. Dette frustrerer, men kanskje får det oss til å sjå klårare kva tolkingsarbeidet går ut på. Og det er faktisk spennande å grava fram dei få detaljane vi har, prøve ulike tolkingsmulegheiter, og rive seg i håret. Stikkord: Gjevjon / Gefjon, Uppsala-kongane, Mälaren, Sjælland, Lejre, vane-gudane, kvinnemakt, jotun, Gnå / Gná, valkyrjer, Meile / Meili, Fårbaute / Fárbauti, Aurvandel / Aurvandill, Aurvandelstå / Aurvandilstá, stjernehimmelen, Høne / Hǿnir, Mime / Mímir, Ull / Ullr, Frigg.

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining