92. Fallossteinar, brødkorger eller både – òg? Samtale med arkeolog Frans-Arne Stylegar

Ifølgje vanleg oppfatning er fallossteinar ein funntype frå eldre jarnalder, som symboliserer potens, fordi dei er forma som erigerte ….. øh, … ja. I Sverige blir den same gjenstandstypen rekna som kuleforma og tolka som symbolske … brødkorger. Tolkingstradisjonen legg tydelegvis sterke føringar for kva ein ser i materialet. Går det an å koma lenger i forståinga av desse steinane, kanskje i lys av norsk folketradisjon og samisk tradisjon nedskriven i tidleg moderne tid? Kan problemet minne oss om korleis etnisk religion fungerer?  Andre stikkord: Heilage kvite steinar, stenklot / gravklot, falloskult, fruktbarheitskult, dei underjordiske, Hans Jacob Wille, husgudar, Tussesteinane, Brødsteinen, høgsete, Gleinsteinen, Rosslandsguden, Skjeng, faksar i Setesdal, samiske sieidi-steinar, Guðrúnarkviða in þriðja / Den tredje Gudrunkvida / Det tredje Gudrunkvadet, Rikard Berge, Theodor Petersen, Bjørn Myhre, Bergljot Solberg.

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining