93. Landemerke og gøymestader langs leia, reflekterte i stadnamn

Korleis har folk tenkt om orientering og landskap når dei har fare med båt langs kysten vår gjennom tusenvis av år? Alle gamlingane er døde, men mange stadnamn har overlevd sidan urgammal tid, og når vi ser dei i samanheng med landskapet, som framleis er det same, så kan vi seia ein heil del – om guddomleg nyttige landemerke, guddomleg gode hamner – og om hamner som folk har gøymt seg i. I Ytre Oslofjord har vi eit nyoppdaga, spennande tilfelle. Stikkord: Blå Jungfrun, Helgenæs, Jomfruland, Hvaler, Herføl / Herfellbukta, Lindesnes, Bokn / Boknafjorden, Siggjo, Lukksundet, Horgo, Lyderhorn, Ulriken, Alden, Kinn, Batalden, Hornelen, Stadlandet, Flåvær, Peder Clausson Friis, Godøya, Goðeyjar, Helgøya, Varalden, Varaldsøy, Fosna, Heilhornet, Løkta, Sjona, Lovund, Gjømma på Gjerdøya, Landegode, Rolla, Vardø, navigasjon, himmelretningar.

Om Podcasten

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. eldar.heide@gmail.com Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining