Robust under press: Skyttargravpsykologi i krigens skugge
I denne episoden utforskar vi korleis det norske forsvaret – saman med ukrainske kollegaer – utviklar operative resilienstrening (ORT) for å styrkje soldatar under ekstrem stress. Gjennom eit «kompass» med fire domene får du konkrete teknikkar: taktisk pusting, ankring, positiv sjølvprat, strategisk sorghandtering og meir. Vi samanliknar erfaringar frå COIN-æraen i Afghanistan med dagens LISCO–konflikt i Ukraina, drøftar stridspauser, medisinsk seleksjon, alder som beskyttelsesfaktor og verdien av krigsfangskapstrening. Til slutt reflekterer vi over korleis desse verktøya kan brukast både i krig og kvardag.See omnystudio.com/listener for privacy information.